Meny

VTI Fotball

Xtra-trening, 2018-2019

Er du fødd i 2006, 2007, 2008 eller 2009 og har lyst til å trene litt ekstra fotball? Vi er klar for ei ny runde med xtra-trening! Treningane før jul vert laurdagar kl 10.30-12.00 i Kiwihallen i Ørsta. Påmeldingsfrist er satt til måndag 15.oktober 2018, med oppstart laurdag 20.oktober. Vi har maks kapasitet på 60 deltakarar, så her er det" fyrst til mølla" som gjeld for alle!

Xtra-trening er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane i Volda og Ørsta. Øktene er opne for ALLE treningsivrige jenter og gutar, uavhengig av nivå, frå Austefjord, Dalsfjorden, Folkestad, Hovdebygda, Mork, Sæbø, Vartdal, Volda, Ørsta og Åmdal. Det er meininga at xtra-trening skal vere eit tilbod i tillegg til treningar med eige lag/klubb, og vi forventar full innsats og fokus på treningane. Her møter spelarane nye utfordringar i eit nytt treningsmiljø, der vi fokuserer på teknikk, basisferdigheiter og smålagsspel. Xtra-trening kan også vere ein kjekk møteplass for trenarar på tvers av lag og klubbar.

Vi satsar på å få til eige keepergruppe på dei fleste samlingane.

Påmeldingsavgifta for dei ti fyrste øktene er følgjande:

  • 500kr for dei 10 fyrste øktene (heil plass)
  • 350kr for 5 økter (halv plass)

Totalt i løpet av hausten/vinteren vert det 20 økter, men påmelding for dei 10 siste øktene vert gjort rundt nyttår. Dei 10 fyrste treningane vert i Ørsta og dei 10 siste vert i Volda.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Gary Christie, koordinator for xtra-trening Ørsta/Volda, på mail gary@vti-fotball.no. Melder du deg på halv plass, tek du direkte kontakt med koordinator for å avtale kva for laurdagar som passar best.


MELD DEG PÅ HER

Xtratrening













Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny