Meny

VTI Fotball

Volda vidare til 1.runde i NM

Volda vidare til 1.runde i NM

Sterk siger borte mot Spjelkavik i 2.kvalikrunde

​Etter ein svært spennande kamp borte mot Spjelkavik klarte vi til slutt å dra i land ein 2-1 seier og dermed avansement til 1 runde i NM.

Det var ei spent og konsentrert spelargruppe som sette kursen mot Spjelkavika onsdag ettermiddag. Vika på bortebane har alltid vore ein utfordrande motstandar for oss og det var nok mange som tenkte at dette ville verte ein kamp der divisjonsforskjellen skulle komme klart fram. Sett ut frå ein middels prestasjon i sesongens første obligatoriske kamp mot Stryn der vi vann 2-1, og ei trøblete sesongoppkøyring med svake resultat og mange skadar, var det sikkert mange som kunne frykte at dette ville verte for tøft for oss. Alle unntatt ei svært motivert spelargruppe.
På treninga måndag la vi ein plan på korleis vi skulle forsvare oss best mogeleg og korleis vi skulle angripe for å lage vanskar for det vi visste var eit godt Spjelkavik lag, og det skulle vise seg at det var det vi gjorde. Etter ein litt famlande start kom vi etter kvart inn i kampen og skapte nokre store sjansar i den første omgangen, der Eirik, Justas og Kenneth hadde dei største. Spelarane fulgte kampplanen og Spjelkavika skapte svært lite i denne omgangen bort sett frå at dei fekk mange cornerar og hadde eit skudd som gikk via ein spelar og dalte ned på tverrliggaren. Det førte til at vi gikk til pause med ein god følelse og med fornya tru på at vi kunne avgjere dette til vår fordel i andre omgang.
Det var tydelig at Fagermo og Årøy på Vikabenken hadde vore tydelige på at dei ville ha meir frå heimelaget enn det dei hadde vist i 1 omgang. Dei kom ut med eit anna trykk og tempo og tok skikkelig tak frå start. Austnes på høgre kant kom til eit par farlige innlegg før minuttet var spelt og det såg litt skummelt ut. Så vinn vi ballen gunstig og etter eit par duellar i feltet er det vår høgre back Justinas som stupheadar oss i leiinga 1-0. Berre 6-7 minutt seinare går vi opp til 2-0 etter ein ny strålande overgang der Eirik drar seg fri og finn Fredrik framfor mål som set inn det andre. Denne scoringa kom etter ei mønsterkontring det venstre kant slår inn og h kant er på eit kanonløp i boks. Det hadde vi etterlyst i kamppraten og no kom det. No var vi i ein posisjon der vi skulle stenge av kampen og ta dei overgangane som vi fekk og kanskje sette det 3 målet. Slik gikk det dessverre ikkje og Spjelkavik fekk ei litt for tidleg redusering etter at dei kontra på vår kontring og tok oss i litt ubalanse. Slikt skjer i fotball men den kom litt for tidleg og skapte litt uro dei neste 10 15 minutta før vi fekk gjort nokre bytter og omorganisert oss i det defensive arbeidet. I denne periode var vi nok litt heldige som ikkje fikk eit mål til i mot, og vår keeper Hugi fikk vist seg fram.
I sluttfasen av kampen og inne i dei 5 overtidsminutta kunne vi med litt større presisjon, kløkt og vilje avgjort kampen med ei ny scoring, men det klarte vi ikkje.

Kva sit vi så att med. Fantastisk laginnsats og vilje. Gode prestasjonar def og offensivt og god struktur. Samstundes ser vi at vi har ein del å gå på fysisk hos dei spelarane som har vore lenge ute med skade. I går var Runar på bana for første gang sidan seriespelet sist sesong. Det var avtala at han skulle inn dei siste 10 min om det var naudsynt for å trygge ei leiing, og det gikk heilt etter planen. Matte og Vetle er framleis ute og usikre med tanke på når dei er klare. Det viktige er å skynde seg langsomt slik at ein ikkje får tilbakeslag. Isak gjennomførte kampen strålande og er vonaleg snart fullt tilbake etter det stygge beinbruddet mot nettopp Spjelkavik for snart 2 år sidan.

Det neste som no står for tur er ein treningskamp i Volda mot Aafk 2 førstkommande søndag før det er seriestart neste fredag.
Så går det slag i slag framover med seriespel og ein bonuskamp i cupen. Ønskemotstandar er Brann og familien Nilsen.

Sportslig helsing
Laget og støtteapparat.

Dagmund.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny