Meny

VTI Fotball

Volda J13 vann Lerum cup

Volda J13 vann Lerum cup

Les mer om bragden her

​​Jentene viste en fantastisk moral og innsats gjennom heile cupen. Eg visste at jentene hadde det i seg, og dei fikk virkelig vist seg fram denne helga. Jentene spelte 3 innleiande kamper. Vi hadde en dårlig start på turneringa, der vi møtte Gneist Diamant Blå IL. Denne kampen tapte vi 4-1. Dette var det einaste tapet jentene hadde. Vidare møtte vi Ørnar, der det vart storseier 11-0. Tredje kampen spelte vi mot IL Bjørn, som vi slo 7-0. Etter tre kampar var vi vidare til A-sluttspelet. Fyrste motstander var Askøy FK. Etter en fantastisk kamp med høgt tempo sto resultatet 4-0 til Volda etter kampslutt. Kvartfinale sto då for tur og motstander Førde IL. En spennande kamp der det tilslutt tippa vår veg 3-2.  Jentene var då klar for semifinale på Fosshaugane Campus. Motstander vart Eidsvåg IL. Her viste jentene at vi skulle til finalen og resultatet vart 4-0.

j13 lerumcup uten lerum logo

I finalen møtte jentene Voss FBK. Begge laga var slitne og det merkast på spelet ut på bana, men Volda jentene viste stor vilje og slo Voss FBK 2-0.

Med en målforskjell på 32-6, veit spelerane kvar målet står! Ikkje minst viser resultatet at forsvaret jobber, og det er vanskelig for motstanderane å kome seg forbi oss. Sist, men ikkje minst, må en ikkje gløyme "super" keeperen bak som ikkje slapp inn fleire mål. 

Eg er virkelig stolt av alle fotball jentene, og årets vinnarar av Lerum cup J13.

- Monica Velle Høydal, trenar J2005

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny