Meny

VTI Fotball

Volda Fotball søkjer Avdelingsleiar FFO

Volda Fotball søkjer Avdelingsleiar FFO

Nye jobbmuligheter i Volda Fotball

Volda TI Fotball er ein av dei største breiddeklubbane på Søre Sunnmøre. Vi har ca 450 aktive spelarar, 80 i trenarteam, og ei mengde frivillige. I august 2013 starta klubben fotballfritidsordning (FFO). Den har no vorte ei av landets største i fht folketal, og veks stadig.

Grunnmuren i FFO er solid, trygg og forutsigbar. Vi jobbar kontinuerleg med å optimalisere logistikk, rutiner, tilbod, campar, samarbeid med eksterne aktørar og personaloppfølging.

Leiarstillinga har vorte så stor at vi ser at det er hensiktsmessig å dele den. Vi treng at noverande FFO-leiar får ha fokus på FELTET, og med bakgrunn i styrets og klubbens planar om vidareutvikling, ynskjer vi difor no å tilsetje

AVDELINGSLEIAR FFO (100% stilling)

Arbeidsoppgåver:
- Vidareutvikling FFO, spesielt med tanke på alternativ aktivitet
- Camper/arrangement
- Personalansvar og -organisering
- Feltarbeid, med hovudfokus på dei yngste gruppene (ca 25%)
- Budsjettoppfølging
- Kontorarbeid
- Logistikk, avtalar og daglege rutiner

Kvalifikasjonar: 
Gyldig politiattest, grunnleggjande dataferdigheiter, bilsertifikat og (ynskje om å ta) minibuss-sertifikat.

Eigenskapar:
God kommunikasjonsevne, open og tydeleg. Fagleg sterk, ha solid arbeidskapasitet med stor grad av gjennomføringsevne. Tole å bere eit leiaransvar, med alt det inneber. Omgjengeleg, kunne jobbe sjølvstendig og i team, strukturert, ryddig, audmjuk og lærevillig.

Det vert tett arbeid i leiarteam, med klart definerte ansvarsområder:
FFO-leiar fag
FFO-leiar adm.

Spørsmål om stilling rettast til dagleg leiar, Solveig Storeide på 905 65 727 eller solveig@vti-fotball.no

Søknad med CV sendast til solveig@vti-fotball.no snarast mogleg, innan 30.03.2017.
Søknadane vert behandla fortløpande.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny