Meny

VTI Fotball

Volda - Hødd

Volda - Hødd

Onsdag tek Volda i mot Hødd til kamp i 1.runde i cupen!

Våre naboar frå ytre kjem på besøk til oss for eit lokaloppgjer vi ikkje har hatt sidan 2011. Bortelaget er store favorittar og kjem frå ein sterk 3-0 siger i serieopninga borte mot Stjørdals-Blink. Hødd har også levert gode resultat gjennom vinteren mot blant anna Sogndal, Førde og Herd. Marius Hagen signerte før sesongen for laget frå Ulsteinvik og vil dermed kome tilbake til sin gamle heimearena i dette oppgjeret.

Heimelaget har hatt ei trøblete oppkøyring med skader og dårlege resultat i treningskampane. Heldigvis løsna det når dei obligatoriske kampane starta og laget står no med 3 sigrar av 3 mogeleg mot hhv Stryn, Spjelkavik og FK Sykkylven. I kampen mot Hødd må heimelaget heve seg mange hakk frå tidlegare i år om det skal vere håp om ei cupbombe på Volda Stadion.

Yr melder om 16 grader og sol ved kampstart kl 18.00 så her er det berre å ta turen for eit spennande og tøft lokaloppgjer!​

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny