Meny

VTI Fotball

Leige av telt, bord og stolar

VTI Fotball eig eit stort telt som vert brukt i samband med turneringar, fotballskule og einskilde andre arrangement. Når VTI ikkje brukar teltet sjølv er det ledig for utleige til andre.

Teltet er på 6 x 12 meter med "vindu" på sideveggane og har inntil ca 64 sitjeplassar fordelt på 8 bord og 16 benkar. Det er opning i begge endar, og teltet kan settast opp både på mjukt og hardt underlag. Det trengst ingen pluggar eller barduner.

Teltet er av god kvalitet, det er vasstett og har brannsikker duk. Teltet kan også brukast blant anna som grilltelt, og vi har også stor gassgrill med god kapastitet som også kan leigast ut.

Utleigevilkår:

Teltet kan leigast til andre når VTI ikkje har behov for teltet.

Minimum ein ansvarleg frå VTI Fotball må vere med på opprigging og nedrigging av teltet. Vedkomande treng hjelp frå 5-6 andre personar til å rigge teltet på ein enkel måte. Dette tek ca ein time. Det same gjeld når teltet skal riggast ned.

Frakt til og frå Volda Stadion må ordnast av leigar.

Prisar (pr helg - for lenger periode eigen avtale):

Utleige av telt: kr 3.000,-

Bord og benkar: kr 1.000,-

Betaling av ein ansvarleg: kr 1.000,-

Leige av grill: Kr 1.000,-

Om du ønskjer at VTI skal frakte, rigge opp og rigge ned teltet så blir det pris etter avtale.

Ta kontakt på e-post: stadion@vti-fotball.no om du er interessert i å leige teltet.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny