Meny

VTI Fotball

Leige av klubbhuset

PRISAR OG INFORMASJON

​​Klubbhuset er primært til bruk for grupper i VTI Fotball, men andre kan også få leige klubbhuset når det er ledig. Sjå i Klubbhusdagboka for oversyn over ledige tider.

Send e-post til solveig@vti-fotball.no for å reservere tid på klubbhuset.

LES informasjonen under her FØR du sender epost!

Klubbhuset har plass til inntil ca 60-70 personar, og har dekketøy til ca 50, men vi har ikkje dukar.

pynta-til-fest

Klubbhuset pynta til 50-årslag (biletet er teke FØR påbygget kom, salen er no noko større og vi har nytt stort kjøkken).

PRISAR

LAGsaktivitet i VTI Fotball:
Gratis.
Først til mølla.
Send epost til solveig@vti-fotball.no, der du skriv lag, dato og tidspunkt.

BARNESELSKAP: 
VTI-born: Kr 500,- 
Ikkje-medlemmar: kr 700,- 

Vi ser at vi i kvardagane ikkje kan leige ut til selskap med start 17.00.
FFO stenger 16.30, nokon er seine med å hente, og vi må ha tid til å klargjere til utleige.
De kan kome og starte tillaging 17.00, ikkje før. 
Leigetid i kvardagar er difor mellom 17.00 - 22.30. 

KVELDSleige (17.00 - 22.30):
Medlemmar: 700,-
Ikkje-medlemmar: 1 000,- 

DØGNleige:
(dag+kveld (09.00 - 23.00) eller kveld+dag, feks 17.00 - 17.00)
Medlemmar: 1 400,-
Ikkje-medlemmar: 2 200,- 


Leige for kveld + heil dag (f.eks. konfirmasjon/barnedåp):
Medlemmar: 2 000,- 
Ikkje medlemmar: 2 500,- 


Innbetaling til 3910.44.15435.
Merk med UTLEIGE og ETTERNAMN

Etter innbetaling: send ein ny epost til solveig@vti-fotball.no, så får du dørkode og naudsynt informasjon.


PS: vi har VEKESKIOSK og kampar omlag kvar einaste dag. Det går parallellt med utleige. 


Les også om depositum lenger nede i informasjonen!


VASKING

Vi har tilsatt reinhaldar på FFO, som reingjer klubbhuset etter FFO-standard kvar vekedag. Det skal sjå likeins ut når du går som når det var når du kom!

Dersom ein ikkje er nøgd med korleis det ser ut når ein kjem, skal det sendast epost på solveig@vti-fotball.no med ein gong. Helst med bilder. Det nyttar ikkje å kome i ettertid uten bilde"bevis".

Det er FFO kvar vekedag, og storesalen vert nytta til måltid og leksetid. Det er eit krav ved utleige at dersom ein tek ut eller flyttar på bord og stolar, skal det setjast tilbake på same plass. Dersom vi må bruke tid på det, vert leigetakar fakturert for arbeidstid.

UTSTYR på klubbhuset

Klubbhuset har pr dags dato bord- og stolplass til ca 60 stk i storsalen, og dekketøy (bestikk, fat, glas, koppar) til ca 60 personar. 

Kjøken med stort kjølerom.

Rullestoltilpassa tilkomst.

3 toalett i hovudetasjen (HC-vennleg).

Hjartestartar i gangen i underetasjen.


VILKÅR for utleige

Alle leigetakar må reservere tid i klubbhusdagboka for at tinginga skal vere gyldig.
Send e-post til: solveig@vti-fotball.no

Eksterne leigetakarar må betale husleiga når tinginga er bekrefta for at tinginga skal vere gyldig. Merk innbetaling med "Leige", leigedato og namn på leigetakar. Innbetaling til konto: 3910.44.15435

Eksterne leigetakarar som skal ha arrangement med alkoholservering, må betale eit depositum på 1 000,- kr, det får ein attende når reinhaldsansvarleg har godkjent lokalet på mandags morgonen.

Leigetakar må varsle om eventuelle skader som vert påført huset eller inventaret og vere budd på å erstatte/reparere skadane.

Heile Volda stadion, inkludert klubbhuset, er røykfri arena.

Arrangement i regi av VTI Fotball på klubbhuset skal vere alkoholfrie. Det er ikkje alkoholforbod for andre leigetakarar, men dei står sjølve ansvarlege for at eventuell bruk av alkohol er innanfor lover og reglar.

VTI Fotball står fritt til å nekte å leige ut klubbhuset. Leigetakarar må vere over 20 år.

ALKOHOL skal ikkje forekome utandørs før kl 21.00 på fredagar, eller før 20.00 laurdag.


Historikk

VTI Allianse er eigar av Klubbhuset, men Volda TI Fotball leiger og driv klubbhuset og har også rett til å leige ut klubbhuset til andre.

Klubbhuset vart bygd på slutten av 80-talet, i regi hovudlaget og med Jarle Dalebø som den store drivkrafta. Mange medlemmer la ned eit stort arbeid på dugnad og at medlemmene er godt nøgde med resultatet vises ved at klubbhuset er i bruk stort sett kvar dag året rundt.

Klubbhuset på Volda Stadion er i bruk året rundt som festlokale, til åremål, konfirmasjonar, barnedåp, bryllaup, møte og andre arrangement. 

Kontaktpersoner

    Solveig Storeide

    Dagleg leiar,
    90565727 Epost

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny