Meny

VTI Fotball

Treningsavgift 2017

Treningsavgift 2017

Informasjon om treningsavgift 2017

​Alle spelarar har blitt fakturert treningsavgift den 15 mai, med forfall 1 juni. For å vere speleberettiga må avgifta vere betalt, ta kontakt dersom du ikkje har mottatt faktura.

Treningsavgifta er fakturert for heile året med unntak av seniorspelarar som fakturerast to gangar pr år, då dei betalar høgst avgift pr person. Endring frå fakturering to gangar pr.år til fakturering ein gang pr år, vart vedtatt på årsmøtet 14 mars i år. Alle er velkommen til årmøtet der prisar,rekneskap og budsjett blir vedtatt.

Dersom ein spelar sluttar før august pga flytting, sjukdom o.l. kan ein ta kontakt for å avtale kreditering, og få tilbakebetalt. Ta kontakt på medlem@vti-fotball.no.

Dersom nokon ynskjer ein avtale om nedbetaling: epost til solveig@vti-fotball.no

Avtalegiro vart ikkje sendt ut for treningsavgift. Fakturaen må difor betalast manuelt.

Søskenrabatt er trekt ifrå på fakturaen, sjå informasjon om rabatt under.

Det kjem eigen faktura frå alliansen i tillegg til treningsavgifta. Denne er pr. d.d. 100 kr.

Delar av lagavgifta føres tilbake til laga
Gruppene (7-16 år) får tilbakeført kr 250,- for kvar einskild spelar som har betalt lagavgift på slutten av sesongen.

Treningsavgifter 2017, vedtatt på årsmøtet i februar 2017

​Alder

​Avgift

​(heilår)

​Mini

​7 – 9 år

​ 1.500

​Veslegut / Veslejente

​10 – 12 år

​ 1.900

​Smågut / Småjente

13 – 14 år

​ 2.500

​Gutar / Jenter

​15 – 16 år

​2.900

​Junior/Senior 2 lag

​3.000

​Senior dame/herre

3.500

​Oldboys/Younggirls

1.000

6 åringar
Jentene og gutane som startar opp i mars året før dei byrjar på skulen får eit halvår på å "føle seg fram" på, og treningsavgifta for høsten i klubben er sett til 500,- kr.

Søskenrabatt
For eldste barn betalar ein full treningsavgift.

For neste eldste barn vert det trekt ifrå 10 % i søskenrabatt.

For tredje barn vert det trekt ifrå 30 % i søskenrabatt

For fjerde, femte born vert treningsavgifta på kr 350,- totalt.

Spelarar over 18 år skal ikkje reknast med i søskenrabatten.

Prisane finn du informasjon om her: http://vti-fotball.no/Medlem/Prisar/

Informasjon om kva treningsavgifta går til finn du her:

http://vti-fotball.no/Medlem/Treningsavgifta/

Ved spørsmål ta kontakt på medlem@vti-fotball.no

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny