Meny

VTI Fotball

Trenarteam for Volda rekrutt (Volda 2) på plass!

Trenarteam for Volda rekrutt (Volda 2) på plass!

Spanande sesong i vente

Det er med stor glede vi kan presentere trenarane for Volda rekrutt i 5.divisjon sesongen 2018. Arild Hagen Bakke tek på seg rolla som hovudtrenar, medan Are Bjørgum går inn i ei rolle som spelande assistenttrenar. Are er tilbake i Volda etter trenargjerninga i Ørsta og vil danne ein sterk duo i lag med Arild. Volda rekrutt er eit stort satsingsområde for klubben og med desse trenarane på plass, føler vi oss tryggje på at rammene for å få til eit godt rekruttlag er til stades.

Med oss på laget har vi Rotevatn Trafikkskule, som i tillegg til å vere hovedsponsor, går inn som prosjektsponsor på Volda rekrutt dei neste tre åra. Dette er vi svært glade for og gjer at vi no kan ta satsinga på rekruttlaget eit steg vidare. Tusen hjarteleg takk! Klubben ser på det som svært viktig å satse på eit rekruttlag, då dette er ein god utviklingsarena for unge framadstormande spelarar, samt at det gir fleire mogelegheit til å drive med fotball i ein alder der det ikkje alltid er eit godt aktivitetstilbod.

Neste sesong vert det oppretta ei eiga treningsgruppe for Volda rekrutt, der ein legg opp til å gjennomføre 2-3 treningar i veka. Laget skal vere eit bindeledd mellom G19 og senior herre i 4.divisjon og ein del spelarar vil derfor bruke dette som eit steg opp mot det å verte etablerte 1.lags spelarar.

Mvh

Vti-Fotball​

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny