Meny

VTI Fotball

​Thomas James Malins til Hødd Fotball

​Thomas James Malins til Hødd Fotball

Tom malins

Tom Malins har takka ja til eit jobbtilbod som spelarutviklar i Hødd. Han vil fortsette arbeidet i VTI Fotball fram til mars, og klubben startar no arbeidet med å finne ein erstattar. Det er ikkje med lett hjarte Tom har teke denne avgjerdsla, men han ser jobbskiftet som eit steg vidare i karrieren, og eit høve til å på sikt etablere seg i ein toppklubb. -Eg har nettopp starta oppkøyringa til ein ny sesong med Volda sitt G-16 lag, og det er sjølvsagt veldig synd at eg ikkje får følgje desse vidare. Eg får likevel sjansen til å vere med dei fram til kvalifiseringa til 1. divisjon er over, så eg har trua på at vi skal få til eit godt skifte, seier Tommy. Tom har også fleire andre viktige roller i VTI, både FFO og Sportsleg Utval har allereie starta arbeidet med å finne ein erstattar. -Det er sjølvsagt trist for oss å miste ein slik kapasitet som Tom. Han har lagt ned eit enormt arbeid for fotballen i Volda dei siste åra, seier dagleg leiar Solveig Storeide i VTI Fotball. Tom har vore med på å profesjonalisere både strukturen og måten laga trenar på, og dette arbeidet skal vi greie å vidareføre. Vi er glade for å ha Tom med oss nokre månadar til, og vi skal gjere alt for at overgangen går så smidig som mulig. Som fotballklubb og arbeidsgjevar må vi heile tida rekne med at flinke folk tek steget vidare opp i divisjonane, og vi ynskjer Tom lukke til med nye utfordringar.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny