Meny

VTI Fotball

Senior Herrer 4.div: Volda – Norborg 4-2 (2-1)

Senior Herrer 4.div: Volda – Norborg 4-2 (2-1)

Herrelaget med nok ein siger i 4.divisjon.

​Laget: H. Johannesson, C. Bjerknes – R. Løvold – S. Finnøy – T. Olsen, K. Hole – T. Evebø – R. Aarflot (Schøning 88.min), E. Schøning (Kvalsnes 46.min) – M. Dahlberg (Abouzari 83.min) – T.Malins.

Volda tok tidleg tak i kampen og Kenneth Hole sende heimelaget i føringa allereie etter knappe 2 minutt. Norborg hadde lite å stille opp med, og skapte få problem for heimelaget sitt forsvar. Volda var veldig ivrige på å prøve å spele ballen ut bakfrå, og det var nok heimelaget som lagde sjansane som Norborg fekk. 2-0 kjem på ein corner som blir spelt kort ut til Runar Løvold, som slår ballen inn i feltet. Der er Tobias høgast og stussar ballen vidare i mål etter ca halvtimen spelt. 2-1 kjem like før pause, der sløvt forsvarsspel av Volda gjer at Norborg får eit kast høgt i bana, kanten får vende og spele ut til ein spelar på 16 meter, som klinkar ballen i nærmaste kryss. Dermed 2-1 til pause, noko trenar Evebø ikkje var særleg nøgd med.

2. omgang startar noko nervøst, Norborg har fått trua, og Volda er litt usikre på kva som skal skje. Etter 55 minutt oppstår ein situasjon som er av dei obskøne. Torgeir er upressa, og bør eigentleg klarer ballen. Han er dårleg orientert, og forsøker å spele ballen tilbake til keeper. Pasninga er meir som eit skot, og skrur seg forbi stakkars Hugi i målet, dermed 2-2, og full kamp igjen. 10 minutt seinare er Mathias på plass og skaffar heimelaget leiinga på nytt. Han er lynkjapp og oppfattar returen frå keeper på eit frispark, og sett ballen i mål. Dermed 3-2 etter 65.minutt. Volda skapar mange sjansar, men er ikkje effektive denne kampen heller, noko som har vore ganske typisk for sesongen til no. Til sist scorar Tobias nok ein gong etter eit innlegg, der Norborg var svært misnøgd med at det ikkje vart dømt frispark. Både Mathias og Fredrik hadde store sjansar til å score, men det ville seg ikkje, og dermed ender kampen 4-2 til Volda.

16 poeng på 6 kampa er god utteljing, men spelet har ikkje vore på det nivået som ein ynskjer. Komande fredag ventar Hareid borte, og årets første graskamp. Håpar at det kjem fleire voldingar og støttar oss! 

Foto: Nicholas Noreng

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny