Meny

VTI Fotball

SEIER'N ER VÅR! EAT MOVE SLEEP

SEIER'N ER VÅR! EAT MOVE SLEEP

Seier`n er VÅR

- Ei hovudnemnd som har hatt 100%-stilling ved sida av vanleg jobb siste vekene.

- FFO har tilrettelagt

- Lys og lyd har vorte fiksa

- Singel vart lagt på plassen

- Kampoppsett og dugnadsoppsett med dei minste marginar har tatt nettene

- Dommarkabal vart ekstra utfordrande med ein dommargjeng opptatt med Futsal

- Dommaransvarleg hadde kontroll heile helga

- Futsalarrangement krevde senior- og juniorspelarane, som gjorde at aldersbestemt måtte stille omlag alle-mann-alle.

- Kontaktpersonar har lagt ned arbeid i fht påmelding, dugnadsoppsett, kabal her og der

- Trenarane stiller som alltid opp, inspirerende, motiverende, pålogga frå ende til anna. Ein må vere litt ekstra pålogga når ein finn spelarane i hoppeslott og EMS-telt omtrent når dommaren bles i gong kampen 😉

- Spelarane har vore spente, ivrige, glade, forventningsfulle, litt nervøse, grugleding har vore tema.

- ubeskriveleg herleg stemninga blant borna… når hoppeslottet kom… når vi rigga bane… når lydanlegget kom på… når fruktpallane kom… premiekassene…

- Cupdisco. Disco for første gang…. Pynting, hårstæsj, 50 kr i ei svett hand, stjerner i augo, Brænnesaft på dispenser «smakar like godt som slush…minst!», oppe litt lenger enn vanleg. Dei stoooore borna var discovakter, i vestar, dansing….

- Brusfritt arrangement

- Sunn kiosk

- Tombola med kjekke premiar

- Jente og Gutte 13 år har stilt trippelt, om ikkje meir… Dømming av 19 kampar + 3 dugnadsøkter vart meir regelen enn unntaket. Ingen sutring. Fantastisk gjeng. Framtidas pådrivarar er i gong 😊




- FØRESETTE <3 …. Rundt 300 funksjonærar i sving, FOR eit maskineri!

- enkelte har sikkert svelelukt i håret enda

- fruktkutting gjekk unna i ein fei

- bestemødre utfordra både gikt og anna, og rulla tombolalodd til den store gullmedalje

- utfordrande sekretariatoppgåver vart løyst med eit smil

- speaker lagde stemning frå fredag kl 16.30 til søndag kl 20.30 (så vidt tida til litt natt innimellom).

- ein drøss med ivrige born vart til ei kvar tid godt påpassa i hoppetelta

- over 1000 born har vore innom EAT-teltet for eple-smaksprøve, innom SLEEP-teltet for å sjå viktigheita av skjermfritt soverom, og fikk teste skillsa sine i MOVE-teltet med blinkskyting.

- Premieutdeling med pappa- og mammarazzi, og heiarop høyrer med

- Potetene som sørga for ro og orden i hall og toalett gjer ein «usynleg» jobb, som er fort svært synleg om den ikkje gjerast

- Blåfrosne parkeringsvakter sørga for trygge rammer

- Hovudnemnda som (igjen) hadde delt inn i ansvarstider gjekk ikkje derifrå… ein gjeng med glade kontrollfrikar, 38 timar fre-søn + opprigg tors + førebuingsmøter. Dykk fortener ALL heider og ære!!!!

- Ei lokalavis på lag med oss!! Cupbilag før, oppmøte under og cupbilag i ettertid!! I tillegg til innhenting av rabattkupongar frå eit positivt næringsliv, med kulturnæringshagen i spissen! Takk!! NFF ga oss prisen for GODT samarbeid mellom klubb og lokalt næringsliv i fjor, den fortener vi i år også!

- Vi gjekk tom for kake, la ut ei «nokon-som-kan-tenke-seg-å-bake»-melding på FB. Vi måtte til slutt seie «neitakk, no har vi nok, tusen takk». FOR ein gjeng!!

- Det er alltid nokon som ikkje møter, til og med det går fint når ein har folk som seier «går bra, eg tek ei vakt til eg, kjekt». #respekt



DET VI HAR GJORT:

Vi har skapt eit minne for livet for mange mange born.

Vi har lagd ei OPPLEVING!

20 + 95 + 102 = 217 KAMPAR vart blåst i gong i hallen i helga!!!

1300 aktivitetskort vart delt ut!

Nokre hadde sin første kamp nokonsinne, si første turnering.

Vi har også stått for ei naudsynt inntekt til klubben.

Som EMS-ambassadør er det ein del val som takast gjennom heile året, nokre val er enkle, nokre kostar oss litt. Men når ei slik helg kjem, når vi ser kva vi FÅR…tilbake… i form av kioskvarer og premiar, og i form av å få bidra i noko så positivt som EAT MOVE SLEEP, å få vere med på eit slikt viktig konsept, da ser vi at alle val er vèl verdt det! Vi er STOLT ambassadørklubb!!!

Vi har nesten ikkje utgifter på ein slik cup. Vi er ikkje ferdige med all føring, men at inntektene vert rundt 250 000,- er heilt klart. Så til alle dykk som har bidratt: TUSEN TAKK!!!!! Det her skal rett tilbake til laga som har bidratt. I form av enda betre utstyrsopplegg rundt laga på aldersbestemt (her involverer vi trenarteama før sesongstart), enda betre treningsmoglegheit, enda meir gratistiltak for dei som vil meir, og enda tryggare og betre rammer på eit allereie godt stadionområde. Det har DYKK no vore med på å realisere!!

Tilbakemeldingane strøymer på, epost + sms + face-to-face + messenger, eg skulle delt det med ALLE som var med.


SEIER`N ER VÅR!!!!! 😊


Engasjert fotballhelsing frå ei glad, rørt, emosjonell, litt sliten og veldig stolt dagleg leiar
Solveig Storeide

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny