Meny

VTI Fotball

Om Volda stadion

På Volda Stadion er det tre felt for fotball og eit klubbhus med garderober. Volda Stadion er truleg det største kunstgrasanlegget på Sunnmøre med eit samla flatemål på ca 16.000 kvadratmeter.

​Idrettsanlegget er eigd av idretten sjølv i fellesskap mellom Volda TI Fotball og overbygningsklubben Volda TI Allianse.

Volda kommune har bidrege mykje til utvikling av anlegget gjennom grunnkjøp, disponering av kommunal grunn og tilskot til utvidingar av anlegget, men yter ikkje driftstilskot til Volda Stadion. Lån, drift og vedlikehald av anlegget blir dermed betalt av medlemmene i VTI Fotball blant anna gjennom treningsavgift og overskot på turneringar, fotballskule og andre aktivitetar.

volda_stadion_kart_570px_622

Kartskisse Volda stadion. GPS tips: Søk etter Stadionvegen 7, Volda kommune

Historikk

Volda stadion ligg idyllisk til framme ved Rotevatnet. Her disponerer fotballgruppa tre fotballareal til trening og kamp.

Grasbana var ferdig i 1956, og var einaste grasbane med naturgras for 11-fotball i Volda kommune! Ho var grøn å sjå til, men var diverre humpete og med mange sår, med tett bruk i ca 50 år. Heilt frå bana vart bygd var det problem med drenering, og i periodar var bana også stengd på grunn av fleinsopp.

Grasbana var omkransa av løpebaner i grus for friidrett, men det gjekk tilbake med friidretten i Volda etter at det vart bygd kunstdekke for friidrett i Ørsta.

Tribuner

Frå 1988 og det meste av 1990-åra spelte Volda sitt herrelag stort sett på nivå 3 i Noreg (2. og 3. divisjon) og det var stor interesse for fotball. Publikumsrekorden kom i seriekamp mot Ørsta i 1988 då det truleg var nærare 5.000 tilskodarar på kampen. I desse åra vart det også bygd tribune i betong i full lengde av bana.

Siste store publikumsmønstring var i 1. rundekampen mot Aalesund FK i 2010 då det vart løyst ca 1.700 billettar. Overskotet frå denne kampen var med på å finansiere tribunetak i stål og plaststolar som vart sett opp på Stadion august 2010.

Kunstgrasbane B: 2001

Ei grusbane vart laga på slutten av 1970-talet og var einaste aktuelle treningsstad utandørs i vinterhalvåret, ho skulle også fylle behova når grasbana var stengt i våte perioder. Etter fleire års tett bruk og vinterbrøyting var det nesten ikkje toppdekke att. Noko måtte gjerast! Løysinga vart at ein i 2001 la kunstgras på grusbana, og sat at med ei fantastisk flott og driftssikker bane, med ekstrem høg brukskapasitet.

Grusbane: 2001

Treningsfeltet som var laga av Yngres avdeling på dugnad på slutten av 80-talet, vart under prosessen med kunstgrasbana lagt om til ei grusbane med minimumsmål for 11-fotball.

Kunstgrasbane A: 2007

Utover på 2000-talet var det på høg tid med renovering av den gamle naturgrasbana, og ting gjekk som ein ønskte seg. I 2007 vart det lagt kunstgras på heile flata for det tidlegare friidrettsanlegget og grasbana. Dermed vart det plass til både ei 11-arbane og ei 7-ar-bane .

Klubbhuset:

Klubbhuset vart oppført i 1987-88 og vart teke i bruk 7. mai 1988 då Volda møtte Hødd i seriekamp. Dagen vart perfekt ved at Volda slo Hødd 4-0.

På klubbhuste er det eit kjøken med stort kjølerom (nytt 2010), hovudsal, eit lite møterom og eit lite kontor. Klubbhuset vert også utleigd til konfirmasjonar, selskap og andre lystelege lag. Hovudetasjen vart pussa opp og fekk nytt golvbelegg i 2012. I underetasjen er der fire spelar-garderober, to dommargarderober og ei badstove, i tillegg til eit par lagerrom og eit vaskerom.

Det gamle klubbhuset vert i dag mest brukt som lager.

Informasjon om Volda Stadion frå Idrettsanlegg.no:

Klubbhuset(1987)
Det gamle klubbhuset (1968)
Kunstgras A (2007)
Grasbana(lagt om til kunstgras)
Kunstgras B (2001)
Grusbana(2001)

stadiontak-snover

Stadiontak er godt å ha når det er uventa snøver! Her frå NM-kvalifiseringskamp mot Herd i april 2012.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny