Meny

VTI Fotball

Treningsavgifta

​For å spele fotball i VTI-fotball må du både vere medlem i VTI Allianseidrettslag og betale treningsavgift til Volda TI Fotball. Seniorspelarar må også betale forsikring, som sidan 2010 har vorte kravd inn av klubben i staden for den gamle ordninga med individuell lisens og forsikring.

Alle nye spelarar får ei prøvetid på ca ein månad slik at dei kan finne ut om dei trivst i klubben. Vi oppmodar likevel alle om å registrere seg så tidleg som råd slik at forsikringar mm. får full effekt.

Krav om treningsavgift vert sendt til kvar einskild spelar ut frå spelarlister frå gruppene ved sesongstart. Nye spelarar som kjem til etter sesongstart må få ein lagleiar til å registrere seg i klubbens datasystem og vil då seinare få tilsendt krav om treningsavgift.

Treningsavgifta er ei viktig inntektskjelde for VTI Fotball, men dekkjer berre ein del av kostnadene ved å vere aktiv i VTI Fotball. I tillegg må spelarar/foreldre også stille opp på fellesdugnader eit par gonger i året, selje lodd, og statoilkopp, og bidra på 1 kioskveke i året.

I 2016 ser årshjulet slik ut:

  • April: KIWIcup
  • Mai/juni: Fotball-lotteriet
  • September: EAT MOVE SLEEP cup
  • November/desember: Statoilkopp
  • Seniorlaga skal i tillegg bidra på konsert i september og Årsfest/Jubileumsfest ved sesongslutt. Samt kvarandre sine seriekampar.
  • Elles må ein bidra til drift av sitt lag.

Spelarar som vert kalla inn til talentsamlingar som sone/bylagssamlingar og kretslag må sjølve dekkje reise og opphald, medan klubben betalar deltakaravgift.

Kva går treningsavgifta til?
Av den innbetalte treningskontingenten frå kvar enkelt vert 250 kr overført til lagkontoen til dei einskilde laga så dei får ei grunnfinansiering for aktivitetane i laget. Resten av treningskontingenten er med på å dekkje:

  • Lagforsikring ligg inne i kontigenten, og VTI Fotball betaler samla forsikring for alle spelarane.
  • Tilbod om heilårsfotball med tildelt bane i Mørehallen utan leigeutgifter gjennom vinteren
  • Startpakke til 6-åringar med utstyrsbag og starthjelp av skulerte trenarar
  • Løn til dagleg leiar i 100% stilling
  • Løn til vaktmeister
  • Speledrakter
  • Gratis trenarkurs til alle trenarane og diverse andre relevante kurs
  • Stort støtteapparat
  • Gratis deltaking på eigne cupar (Kiwicup og EAT MOVE SLEEP cup)
  • Moglegheit for å leige minibuss privat, og låne den gratis til fotballaget
  • Moglegheit for å låne tilhengar
  • Tilbod vedr. jenteakademikonsept med skolerte trenarar
  • Tilbod om ekstratrening
  • Drift av klubbhus, baner og Mørehallen (straum, toalett, reingjering, vedlikehald)
  • Bruk av baner og Mørehall, også utanom treningstider utan leige
  • Låne baner og hallen utan leigeutgifter ved eigne lagarrangement der all inntekt går til eige lag (venneturneringar, miniturneringar)
  • Låne kjøkken og toalett utan kostnad ved fotballarrangement
  • Bruke klubbhuset til møter og sosiale treff gratis ved fotballarrangement
  • Nødvendige reperasjonar for å halde anlegget i drift
  • Investeringar for å forbetre anlegget for at flest mogleg får nytte seg av fotballfasilitetane i Volda

Kontaktpersoner

    Solveig Storeide

    Dagleg leiar,
    90565727 Epost

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny