Meny

VTI Fotball

Verdisett

EIN BREIDDEKLUBB DET SKAL VERE RÅD Å VERTE BEST I

Alle som er opptatt av fotball skal bidra til å ta vare på klubbens grunnleggjande verdiar: spelarar, trenarar, føresette, besteforeldre, publikum, sponsorar og media.

Alt vi gjer skal preges av respekt og likeverd, og skape trivsel og glede for alle som deltek.

Verdier påvirker holdningane våra
Holdningane uttrykkast gjennom atferd
Verdiane danner grunnlag for omdøme og stoltheit


Vi har sagt at vi skal vere ein klubb det skal vere lov å verte best i. Noko av grunnen til den formuleringa var at vi hadde nokre bygdetroll i slekt med jantelova, som gjorde at det var utfordrande å drive godt utviklingsarbeid. Det var vanskeleg å gjere grep for dei som vil aller aller mest. I Volda TI Fotball skal det vere lov å sikte mot stjernene, same kva stjerne ein siktar på (nær - fjern)!

Frå 2017 endrar vi den til: EIN BREIDDEKLUBB DET SKAL VERE RÅD Å VERTE BEST I!

RÅD har ei trippelmeining
1. Vi skal etterstrebe å vere ein klubb som gir eit rimeleg tilbod, som gjer at forhåpentligvis ALLE har råda ØKONOMISK til å vere spelar og medlem her. Vi bidreg også stort i fht å hjelpe med søknadar for dei som treng støtte. 

2. Vi skal vere ein klubb det er MOGLEG å utvikle seg godt i, for ALLE.
Vi vil at alle skal få ut sitt beste same kva nivå det er, god spelarutvikling. Til det treng vi skulerte trenarar, og vi treng ein godt implementert sportsplan. 
Volda er ei bygd med mange nye mennesker kvart år. Fleire asylmottak, høg bosettingsprosent, og ein stor høgskule. Klubben skal ha gode system som gjer at alle som kjem til bygda "finn fram" til oss. Vi ynskjer velkomne!
Vi inkluderer, OG forventar! Vi gir same tilbod til alle, og har forventningar og nokre krav til alle!

3. Vi skal etterstrebe eit godt SAMARBEID med dei andre aktivitetane i Volda, slik at spelarane ikkje må velge greie for tidleg. Vi ynskjer ikkje å miste nokon fordi det kræsjer med feks dans. Vi vil ha ALLE MED! 

Klubbhandboka (nettsida) og Sportsplanen (Voldamodellen) gir eit godt innblikk i kva klubben står for, kva vi forventar av ALLE som vert medlemmar, og kva vi forpliktar oss overfor medlemmane våra!

For spørsmål: Solveig Dagleg leiar

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny