Meny

VTI Fotball

Rekruttering

Nye spelarar på alle alderstrinn.

​REKRUTTERING

Volda Fotball jobbar kontinuerlig aktivt med å skaffe fleire spelarar til alle lag.

Kvart år er det tema på Kontaktpersonsamling, og trenarforum, korleis ein tek i mot nye spelarar.
Her vert det tatt opp kva som er forventa av
- apparatet rundt laga
- speletid
- dei andre spelarane si rolle/oppgåve
- Innmelding
- Informasjon til føresette skal vere klar og god, både i fht sjølve fotballaktiviteten, men også kva anna som er forventa i fotballfamilien.
- Prøvetid før faktura sendast ut
- Kontaktinformasjon om det skulle vere noko

APRIL: invitere alle 5åringar i bygda til å delta gratis på eit showstunt i forbindelse med KIWIcup. Seniorspelarane har ansvar for opplegget som startar med at borna får utdelt drakt. Etter vennekampane vert borna ropt opp på scena, til premieutdeling. Føresette får informasjon om kva det vil seie å vere medlem i Volda Fotball, og kor dei kan finne naudsynt informasjon.

Etter Kiwicupen startar vi med ei trening i veka, som dei ansatte på FFO har ansvar for. Det her vert også ein kanal for informasjon til dei føresette.

MAI: Foreldra begynner å ta del i trenargjerninga, samt at det avholdast eit foreldremøte som er opent for dei med born som er med, og dei som ikkje har starta enda.

AUGUST: Ranselpost på alle skulane. Gratis trening inneverande år, "prøveperiode".

Ny utfordring:
Ein svært stor andel av borna i Volda er tilknytt klubben gjennom FFO. Der har dei trening 1-5 dagar i veka. Nokre vel difor å berre gå på FFO, ikkje på lagstrening. Men vi ser at dei startar på lag etterkvart. FFO forpliktar seg til å køyre eit godt variert tilbod som gjer at fotballinteressa blomstrar istadenfor å koke over/ut.
Klubben jobbar kontinuerlig med justering i fht enkelte utfordringer med å ha ein av landets største FFO, og rekruttering til lag er eit av områda vi fyl godt med på.

Frå 2018 skal vi sjå på eit system der dei som går berre på FFO, og ikkje er med i lag enda, også kan vere med på enkelte lagsaktivitetar, få informasjonen, ligge i gruppene, etc.

For spm: Solveig


Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny