Meny

VTI Fotball

Økonomistyring

Kraftig vekst dei siste åra stiller nye krav til organisering og økonomistyring

VTI Fotball har hatt ei kraftig vekst dei siste åra, mykje grunna etableringa av Telenor Extra Volda FFO der ein no har meir enn 230 deltakarar som er på stadion etter skuletid ein til fem dagar kvar veke.

Vi hadde ei omsetning i 2016 på nær 8 mill.kr, med vidare vekst mot 9 mill.kr i 2017. Dette er omlag ei tredobling av omsetninga på 4 år. VTI Fotball er og den 10. største verksemda i Volda kommune målt i tal tilsette, så vi er avhengig av gode styringssystem med fokus på kundetilfredshet, personal og HMS, kvalitet og det som ellers krevst av ei vanleg verksemd i forhold til økonomistyring og drift.

VTI Fotball endra sin organisasjon i 2016 der mellom ann dagleg leiar fekk ei mykje tydlegare rolle som ansvarleg for den daglege drift, herunder og fullmakter knytt til den daglege økonomistyring med støtte frå rekneskapskontor og økonomiansvarleg i styret. Med ny organisering vart og nye avdelingar definert med avdelingsleiarar som har fått delegert ansvar for eigne avdelingsbudsjett. 

Det vert normalt arbeidd med nytt budsjett for komande år i perioden september - november, med sakshandsaming av styret i desember og endeleg godkjenning av Årsmøtet i februar månad. Dagleg leiar styrar prosessen, og set saman eit forslag til budsjett som vert lagt fram for styret saman med sine avdelingsleiarar og med støtte frå økonomiansvarleg i styret. 

Dagleg leiar har prokura, medan dagleg leiar og styreleiar har signaturrett i saman. 

Dagleg leiar: Solveig Storeide
Økonomiansvarleg: Runar Løvold (ny 01.08.2017)
Styreleiar: Lars-Ove Hammer
Økonomiansvarleg i styret: Eivind Dahl

Rekneskapen vert ført  på månadleg basis og er sak på kvart styremøte der dagleg leiar, økonomiansvarleg og økonomiansvarleg i styret forbereder og presenterer ein gjennomgang av økonomistatus. Styremøter vert normalt sett opp den første mandag i kvar månad.

I januar 2017 tilsette vi ei dame på økonomibiten, og tok over dei fleste funksjonane frå Hovden og Vatne AS i Ørsta (som vi har vore veldig fornøgde med, men vi treng å ha det under eige tak). Rekneskapen vert difor ført på huset, men med ein god dialog med H&V framleis. Bankforbindelsen er vår generalsponsor Sparebanken Møre. I 2015 passerte vi omsetningsgrensa på 5 mill.kr som gjorde VTI Fotball pliktig å ha offentleg registrert revisor. Registrert revisor Dag Bratteberg, Ørsta, vart valt til revisor fo VTI Fotball på Årsmøtet i 2015, og ein oppretta ein kontrollkomite med to medlemmar tilerstatning for tidlegare ordning med to interne revisorar.

Får hausten 2016 har vi tatt i bruk eit nytt medlems og CRM-system, Focus 2016, frå Team Data System. Vi tek gradvis i bruk stadig meir av funksjonaliteten i dette systemet, og all fakturering vert gjort av klubbens eigne tilsette gjennom dette systemet. Vi ser allereie at det gir både besparelser og effektivisering av arbeid med medlemsadministrasjon og økonomi. 


Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny