Meny

VTI Fotball

Heimekampar

Alle heimekampar gjennomførast etter NFFs retningslinjer og Fair play-kriterier.

​Vi skal ha gode rammer for eigne spelarar, OG for alle tilreisande lag på alle nivå i klubben. 

Vi har alltid hatt kiosksal på seniorkampane, nytt i 2016 var at vi innførte VEKESKIOSK. Det vil seie at alle tilreisande lag på alle årstrinn får glede seg til kiosk :-) 

Kiosken fungerer også som eit servicesenter kor tilreisande lag, dommarar, føresette og andre kan få informasjon om kampar, baner og anna dei måtte lure på. I vekeskiosken sel vi også tape og isposar i tilfelle nokon har gløymt det. 

Samtlege lag er pålagt å ha KAMPVERT på alle kampar, kampvertens instruks ser du her

Det gjennomførast Fair play-helsing på alle kampar både i seriespel og på turnering.
Dommar og Kampvert stiller med Fair play-logo på seg.

KAMPFRUKT: Vi deler ut oppskjært kampfrukt til samtlege lag som spelar kamp på Volda Stadion. 
Vi er stolt EatMoveSleep-ambassadør, og ynskjer å ta eit solid ansvar for å vere med på å gi spelarane gode vaner når det gjeld måltid!

Vi oppmodar kvart år alle i klubben til å laste ned SFK-appen der ein finn ABC for lagleiarar, Fair Play, Idrettsskader og spelereglar for kvart nivå på aldersbestemt.


Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Stamina

Hovudsponsor

Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina
G-Sport

Hovudsponsor

VoldaMaskin
Scana
Statoil
Furene
KIWI

Støttespelarar

Meny