Meny

VTI Fotball

G2004 på Havyard-Cup 2018

G2004 på Havyard-Cup 2018

Påmeldt på overtid....

​Volda G04 melde seg på Havyardcup på "overtid", då arrangøren tok telefonisk kontakt fordi dei trengte eit lag til for å fylle to puljer a` 4 lag.

På laurdag spelte vi 1-1 mot Træff Kvit og slo Bergsøy Raud 7-2. Premissane for siste gruppespelskamp på søndag var klar, vi måtte slå Spjelkavik. Ein uheldig start førte til at vi låg under 2-0. Etter kvart kom finspelet i gang og vi vann komfortabelt 8-2. I semifinalen mot Træff Grønn spelte gutane svært fornuftig og vann kontrollert 3-1.

I finala mot Bergsøy gjekk vi ut i 100 og tok raskt ei 2-0 leiing. Etter dette hadde vi god kontroll og kunne godt ha scora 2-3 mål til. Når Bergsøy reduserte til 2-1 vart det litt kaotisk, men med heroisk innsats rodde gutane sigeren og pokalen i land. Samtlege på laget fortener honnør for innsats og glød. 

Dette var ein god oppkøyring til avslutning på seriespelet, Lerum-cup og Dana-cup!

-Kjell Frode Ervik, trenar g2004-


VTI-Fotball gratulerer spelarar og trenarar med den gode opplevinga og resultatet på Havyard-Cup 2018!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny