Meny

VTI Fotball

Rekruttering

Nye spelarar på alle alderstrinn.

​REKRUTTERING

Volda Fotball jobbar kontinuerlig aktivt med å skaffe fleire spelarar til alle lag.

Kvart år er det tema på Kontaktpersonsamling, og trenarforum, korleis ein tek i mot nye spelarar.
Her vert det tatt opp kva som er forventa av
- apparatet rundt laga
- speletid
- dei andre spelarane si rolle/oppgåve
- Innmelding
- Informasjon til føresette skal vere klar og god, både i fht sjølve fotballaktiviteten, men også kva anna som er forventa i fotballfamilien.
- Prøvetid før faktura sendast ut
- Kontaktinformasjon om det skulle vere noko

APRIL:
- Rekrutteringsdagar på FFO der barnehagar vert invitert.
- Invitere alle 5åringar i bygda til å delta gratis på eit showstunt i forbindelse med KIWIcup. Seniorspelarane har ansvar for opplegget som startar med at borna får utdelt drakt. Etter vennekampane vert borna ropt opp på scena, til premieutdeling. Føresette får informasjon om kva det vil seie å vere medlem i Volda Fotball, og kor dei kan finne naudsynt informasjon.

Etter Kiwicupen startar vi med ei trening i veka, som dei ansatte på FFO har ansvar for. Det her vert også ein kanal for informasjon til dei føresette.

MAI: Foreldra begynner å ta del i trenargjerninga, samt at det avholdast eit foreldremøte som er opent for dei med born som er med, og dei som ikkje har starta enda.

AUGUST: Ranselpost på alle skulane. Innmelding av spelarar i klubben.

Utfordring mtp FFO:
Ein svært stor andel av borna i Volda er tilknytt klubben gjennom FFO. Der har dei trening 1-5 dagar i veka. Nokre vel difor å berre gå på FFO og ikkje på lagstrening, men vi ser at dei startar på lag etterkvart. FFO forpliktar seg til å køyre eit godt variert tilbod som gjer at fotballinteressa blomstrar i staden for å koke over/ut.
Klubben jobbar kontinuerlig med justering i fht enkelte utfordringer med å ha ein av landets største FFO, og rekruttering til lag er eit av områda vi fyl godt med på.

Frå 2018 har spelarar som deltek på FFO, men ikkje lagstreningar fått tilbod om å delta på cupar og kampar på lik linje med dei som deltek på lagstreningar. Det har også blitt innført redusert treningsavgift for dei som både går på FFO og lagstreningar.


Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny